22. juli 2019

Kjære alle venner av Håvard

Det er gått åtte år sidan livet blei snudd opp ned for oss. Vi har levd vidare med gleder og sorg. Ei sorg som endrar seg over tid, men som aldri blir borte.

 

Noko av det vi er glade for er at minnet om Håvard lever vidare gjennom Utdanningsfondet til Håvard og IOP Norge (Ilula Orphan Program) i Tanzania.

Det er ni ungdommar som dette skuleåret har fått støtte frå Utdanningsfondet til yrkesutdanning. Det er IOP Tanzania som vel ut dei som skal få støtte og som følgjer dei opp gjennom skuleåret. Vi i styret for Utdanningsfondet har tett kontakt med IOP Tanzania om bruken av midlane.

Målet vårt er at vi minst skal kunne støtte ti ungdommar kvart år framover. Dette er eit bidrag til å kunne endre livet til det betre til dei som får støtte. Dei fleste får støtte til treårig yrkesutdanning. For nokre blir det gitt støtte til eit fjerde påbyggingsår.

Det er godt å registrere at vi det siste året har fått fleire gjevarar og aukande støtte til Utdanningsfondet, jf årsmeldinga som er lagt ved.

Vi håper at det vil halde fram slik.

Med venleg helsing

Alf og Kirsten

Om du vil støtte Utdanningsfondet kan du bruke:

Bankkonto 15035454516

eller

VIPPS 138461

Årleg gåve til Utdanningsfondet på minst 500 kroner gir frådrag i skattepliktig inntekt.

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.