Utanningsfondets årsmelding 2019

Håvard Vederhus og IOP Norges Utdanningsfond

Innleiing

Utdanningsfondet er no inn i sitt sjuande år og vi som sit i styret for fondet sender med dette ut vår andre årsmelding for å kunne informere betre om aktiviteten i Utdanningsfondet. Vi synest dette er viktig informasjon å nå ut med til dei som bidrar med midlar til fondet og også til andre som er interessert i informasjon om Utdanningsfondet.

Kort om historia til Utdanningsfondet

Utdanningsfondet vart oppretta før jul i 2014 til minne om Håvard Vederhus som mista livet på Utøya 22. juli 2011. Utdanningsfondet vart oppretta i samarbeid mellom foreldra til Håvard, Kirsten og Alf, og IOP (Ilula Orphan Program) Norge. Fondet starta med ei gåve frå foreldra til Kirsten, Øystein og Margrete Vesterhus og midlar frå IOP Norge.

I styret sit Synnøve H. Evenstad frå IOP Norge, Kirsten Vesterhus og Alf Vederhus.

Første tildeling av støtte var for skuleåret 2015/2016. Frå skuleåret 2016/2017 gjekk vi over til å støtte 6 ungdommar.

IOP Tanzania er ein lokalt basert bistandsorganisasjon som kjemper mot fattigdom, hiv og aids ved å gje fattige og foreldrelause barn støtte til skulegang og utdanning. IOP har støtte- grupper i land som Norge, USA, Nederland, Luxemburg, Italia, Tyskland, Sverige og Danmark. IOP har dei seinare åra utvida aktiviteten til å nå alle aldersgrupper i lokalsamfunnet og er også engasjert i landbruksdrift.

Håvard var svært opptatt av den frigjerande krafta i utdanning og også av internasjonal solidaritet. Fondet er oppretta til minne om han.

Det er eit stort behov for midlar til utdanning etter vidaregåande skule i Tanzania. Fondet blei oppretta for å møte noko av dette behovet. Det tar sikte på å finansiere minimum treårig yrkesutdanning for elevar som er ferdig med vidaregåande skule.

Aktiviteten i Utdanningsfondet i 2019 – tildeling av midlar

Utdanningsfondet har støtta ni studentar i skuleåret 2018/2019. For skuleåret 2019/2020 har vi gjort vedtak om støtte av inntil ti ungdommar. Dette har vore mogleg fordi inngangen av midlar har auka blant anna som resultat av at det er blitt fleire faste gjevarar.

Når vi seier ja til støtte forpliktar vi oss vanlegvis for ein treårsperiode framover. Det betyr at vi bør ha reservar for å kunne dekke ein treårsperiode.

Ved sidan av faste gjevarar har mykje av midlane dei siste to åra kome i samband med at det er sendt ut informasjon frå Alf og Kirsten i november i forkant av fødselsdagen til Håvard som er 10. november. Det har også kome inn midlar rundt 22. juli og før nyttår kvart år. Vi har no om lag 15 faste gjevarar til fondet. Det har også kome inn midlar ekstraordinært i samband med to fødselsdagar til vener av Håvard og minnegaver ved dei to gravferdene til Øystein og Margrete Vesterhus.

I 2018 er det tildelt i alt kr 143 412 i støtte til utdanning og det er kome inn kr 266 383 til Utdanningsfondet. Utgåande saldo på bankkonto til Utdanningsfondet per 31.12.2019 er kr 475.902. Utdanningsfondet har same rekneskapsførar og revisor som IOP Norge.

Tildeling av støtte skjer ved at IOP Tanzania set opp ei prioritert liste over dei som kan få støtte og styret i Utdanningsfondet tar stilling til kor mange ein kan støtte kvart skuleår. Styret ber også om tilbakerapportering frå IOP Tanzania om resultat og framdrift for dei studentane som får støtte, inkludert sluttrapportering etter avslutta utdanning.. Utdanning er ingen garanti for jobb i Tanzania, men det er ein føresetnad for ei betre framtid.

Styret har i 2019 brukt Facetime styremøte sidan Kirsten og Alf har vore i Sveits fram til 1. august og Synnøve har flytta til Grimstad. Mykje av tida i styremøta har gått med til å diskutere oppfølging og kontakt med IOP Tanzania. Vi er takknemlege for at dei gjer det praktiske arbeidet med å følgje opp dei ungdommane som får støtte.

Planar for 2020

Situasjonen i Tanzania er for tida uoversiktleg på grunn av Corona-epidemien som også pregar Tanzania. Studentar er sendt heim frå høgskular/universitet og det er ikkje klart når undervisninga kan starte opp att. Det kan vere at dei misser tilgang på undervisning fram til sommaren. Nytt skuleår startar i oktober/november.

Det er få smitta og døde av Corona i Tanzania så langt, men det er stor frykt for at sjukdommen kan spreie seg også til landbygda. IOP Tanzania er prega av situasjonen og har redusert nokre aktivitetar lokalt på grunn av fare for smitte.

Vi har dette skuleåret utvida støtta frå ni til ti ungdommar. Vi reknar med at dette minst vil vere nivået for skuleåret 2020/2021. Vi vil vurdere å auke talet dersom den gode tilgangen av midlar held fram.

Behovet for utdanning i Tanzania er stort og det vi gjer er ein dråpe i eit stort hav. Likevel gjev det meining for oss. Vi takkar alle som bidrog ein eller fleire gonger til Utdanningsfondet i 2019 og lovar at vi vil halde fram dette arbeidet i Håvards ånd.

Mai 2020

Synnøve H. Evenstad

Alf Vederhus

Kirsten Vesterhus

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.