Håvard Vederhus og IOP Norges Utdanningsfond. Årsmelding for 2020.

Håvard Vederhus og IOP Norges Utdanningsfond

Innleiing

Utdanningsfondet  er no inn i sitt åttande år og vi som sit i styret for fondet sender med dette ut vår tredje årsmelding for å kunne informere betre om aktiviteten i Utdanningsfondet. Vi synest dette er viktig informasjon å nå ut med til dei som bidrar med midlar til fondet og også til andre som er interessert i informasjon om Utdanningsfondet.

Kort om historia til Utdanningsfondet

Utdanningsfondet vart oppretta før jul i 2014 til minne om Håvard Vederhus som mista livet på Utøya 22. juli 2011. Utdanningsfondet vart oppretta i samarbeid mellom foreldra til Håvard, Kirsten og Alf, og IOP (Ilula Orphan Program) Norge. Fondet starta med ei gåve frå foreldra til Kirsten, Margrete og Øystein Vesterhus og midlar frå IOP Norge. Deretter er fondet finansiert kvart år med bidrag frå mange gjevarar.

I styret sit Synnøve H. Evenstad frå IOP Norge, Kirsten Vesterhus og Alf Vederhus.

Første tildeling av støtte var for skuleåret 2015/2016. Frå skuleåret 2016/2017 gjekk vi over til å støtte 6 ungdommar.

IOP Tanzania er ein lokalt basert bistandsorganisasjon som kjempar mot fattigdom, HIV og aids ved å gje fattige og foreldrelause barn støtte til livsopphald og utdanning. IOP har støttegrupper i land som Norge, USA, Nederland, Luxemburg, Italia, Tyskland, Sverige og Danmark. IOP har dei seinare åra utvida aktiviteten til å nå alle aldersgrupper i lokalsamfunnet og er også engasjert i landbruksdrift.

Håvard var svært opptatt av den frigjerande krafta i utdanning og også av internasjonal solidaritet. Fondet er oppretta til minne om han.

Det er eit stort behov for midlar til utdanning etter vidaregåande skule i Tanzania. Fondet blei oppretta for å møte noko av dette behovet. Det tar sikte på å finansiere minimum treårig yrkesutdanning for elevar som er ferdige med vidaregåande skule.

Aktiviteten i Utdanningsfondet i 2020 – tildeling av midlar

Utdanningsfondet har støtta ti studentar i skuleåret 2019/2020 og held fram med det i skuleåret 2020/2021. Dette skuleåret finansierer vi sju jenter og tre gutar. Fire av dei er i helseutdanning, tre tar utdanning innan økonomi, to innan samfunnsplanlegging  og ein tar journalistutdanning.

Når vi seier ja til støtte forpliktar vi oss vanlegvis minst for ein treårsperiode framover. Det betyr at vi bør ha reservar for å kunne dekke ein treårsperiode.

Ved sidan av faste gjevarar har mykje av midlane dei siste to åra kome i samband med at det er sendt ut informasjon frå Alf og Kirsten i november i forkant av fødselsdagen til Håvard som er 10. november. Det har også kome inn midlar rundt 22. juli og før nyttår kvart år. Vi har no om lag 15 faste gjevarar til fondet.

I 2020 er det tildelt i alt kr 140 157 i støtte til utdanning og det er kome inn kr 164 392 i bidrag til Utdanningsfondet. Utgåande saldo på bankkonto til Utdanningsfondet per 31.12.2020 er kr 500 137. Utdanningsfondet har same rekneskapsførar som IOP Norge. IOP dekker kostnad med rekneskapsførar.

Tildeling av støtte skjer ved at IOP Tanzania set opp ei prioritert liste over dei som kan få støtte og styret i Utdanningsfondet tar stilling til kor mange ein kan støtte kvart skuleår. Styret ber også om tilbakerapportering frå IOP Tanzania om resultat og framdrift for dei studentane som får støtte, inkludert sluttrapportering etter avslutta utdanning. Vi ber også om rapport om korleis det går med studentar som har fått støtte tidlegare år.

IOP Tanzania har eit administrasjonsgebyr på 7 % av tildelt støtte for å ta seg av alt det praktiske med oppfølging av dei ti studentane. Utdanning er ingen  garanti for jobb i Tanzania, men det er ein føresetnad for ei betre framtid. Vi har overfor IOP Tanzania lagt vekt på at dei må  prioritere motiverte ungdommar som søker utdanning som dei kan få brukt etter endt utdanning.

Styret har i 2020 brukt styremøte på nett sidan Kirsten og Alf bur i Oslo og Synnøve bur i Grimstad. Mykje av tida i styremøta har gått med til å diskutere oppfølging og kontakt med IOP Tanzania. Vi er takknemlege for at dei gjer det praktiske arbeidet med å følgje opp dei ungdommane som får støtte.

Planar for 2021

Situasjonen i Tanzania er fortsatt uoversiktleg på grunn av Corona-epidemien. Det er stor mangel på smittevernutstyr, testkapasitet og vaksiner i landet. Det er ingen pålitelege tal for kor mange som er smitta eller døde av pandemien i Tanzania. I følgje IOP Tanzania har våre ti studentar det bra og held fram med studiane. Vi veit at situasjonen lokalt i Ilula er utfordrande både på grunn av pandemien og på grunn av uår i landbruket lokalt.

IOP Tanzania er prega av situasjonen og har redusert nokre aktivitetar lokalt på grunn av fare for smitte.

Av våre ti studentar reknar vi med at to ferdigstiller utdanning dette året og at åtte held fram med studier i skuleåret 2021/22. Vi reknar med å halde fram med støtte til ti ungdommar neste skuleår.

Behovet for utdanning i Tanzania er stort og det vi gjer er ein dråpe i eit stort hav. Likevel gjev det meining for oss. Vi takkar alle som bidrog ein eller fleire gonger til Utdanningsfondet i 2020 og vil halde fram dette arbeidet i Håvards ånd.

Mai 2021

Synnøve H. Evenstad         Alf Vederhus        Kirsten Vesterhus

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.